Samviten header image 1

Samviten er studentavisen ved det samfunnsvitenskaplige fakultetet i Bergen

Bokanmeldelse: Fyll & fanteri på Frogner

Fyll & fanteri på Frogner

Tekst: John-Aksel Haukanes

Frognerfitter

Alexia Bohwim

Kagge forlag

2008

Alexia Bohwim debuterar her med sin første roman. Boka skal visstnok ikkje vere sjølvbiografisk, men Bohwim har sjølv vokst opp på Frogner i Oslo. Tittelvalget har tabloidane slukt rått. I boka er navnet Frognerfitter den hemmelege klubben til to av hovedpersonane, men eigentleg lite nevnt i forteljinga. Den er meir eit slags humoristisk element mellom dei to hovedkarakterane. Boka har vore i vinden i byrjinga av dette året og Bohwim figurerte blant anna på forsida i eit av osloavisene sine magasinbilag. Er dette ei leseverdig bok? Det har eg prøvd å finne ut av. Svaret eg har komen fram til er: Nja…

Boka handlar i hovedsak om to bestevenninner frå beste vestkant i Oslo. Desse går under navna Susy og Billie. Romanen er fortald frå Billie sitt synspunkt. Noko av det første som blir klart er at ei av dei dør. «Susy er død, svarte Line. Jeg ble halv på et halvt sekund». Denne byrjinga fengar meg, beklageligvis er ikkje fortsetjinga like bra. Det meste av boka handlar om livet før Susy døyr, valdelege sambuarar, livet på Frogner i Oslo og i stor grad dopkulturen der – frå slutten av nittitalet og fram til rundt 2005.

Kapitla i boka er korte og alle er titulert med ein sangtittel frå vestkantbandet deLillos. På grunn av at alle kapitla berre er på to-tre sider, så blir eg freista til å lese eit kapittel til, og eit til og så vidare. Dette gjer at eg blir litt fanga i forteljinga, men det blir etterkvart for mykje gjentakingar. Ein del hendelsar lignar for mykje på kvarandre og kunne med hell vore kutta ut. «å nei, no tabba Susy seg ut igjen» tenkjer eg lite overraska. Om du er ute etter ei lettlest bok og lett verkelegheitsflukt, kan dette vere ei grei bok å velge. Om du er ute etter stor litteratur, gå heller på biblioteket og prøv ein klassikar. Spør nokon med brille.